Skikompis

Skikompis

 

Ny bok kjem på lager 17.oktober 2018!

Skikompis er boka som viser deg korleis du kan ferdast tryggare i vinterfjellet. Her lærer du å forstå terrenget, snøen og vêret, slik at du unngår farlege situasjonar. Boka gir også rettleiing i effektiv kameratredning om uhellet er ute.

 

Boka Skikompis kom ut første gong i 2013 og forfattar Christer Lundberg Nes fekk Fjellskikkprisen for arbeidet. Boka er nytta som pensum mellom anna i skredkursstigen til Norsk Fjellsportforum, og på ulike friluftsutdanningar på høgskule/universitet.

 

Skikompis kjem no i heilt ny og revidert utgåve, mellom anna med nye illustrasjonar av Joar Christoffersen.

Boka har meir om vêr, snø, skredproblem, og enda fleire råd og praktiske tips etter kor krevjande terrenget er å ferdast i. Fleire nye flytskjema summerer opp og visualiserer vurderingar og ferdselsråd. Boka er oppdatert med informasjon frå skredvarselet på Varsom.no og viser samanheng mellom praktiske kjapptestar og observasjonar i terrenget

med skredproblem i frå varselet.

 

Kjøp boka i FriFlyt sin nettbutikk, eller hjå din lokale bokhandel.

Copyright © All Rights Reserved.