Om

Skikompis

 

Skikompis

SKIKOMPIS er boka som viser deg korleis du kan ferdast

tryggare i vinterfjellet. Lær deg å forstå terrenget, snøen og vêret,

slik at du unngår farlege situasjonar. Boka gir også rettleiing

i effektiv kameratredning, om uhellet er ute.

Boka fortel òg korleis du skal forstå og nytte skredvarsel.

 

SKIKOMPIS handlar om å vere minst to personar på tur.

Ferdselsråd, køyremønster og redning heng direkte

saman med terrenget og kor mange som går i lag. Boka er svært

praktisk og har eit vell av kunnskap og gode råd.

 

SKIKOMPIS er boka for alle som likar seg utanfor oppkøyrde

løyper, driv fjellskiløping, går toppturar eller køyrer offpiste.

Kunsten er å finne den tryggaste linja – med den beste snøen!

 

Kjøp boka i din lokale bokhandel, sportsbutikk eller bestill på den nettet! www.selja.no

 

Forfattaren

Christer Lundberg Nes (f. 1970) frå Volda er tilsett i

Friluftsrådet for Ålesund og omland, med ansvar for skredkurs

og opplæring i trygg ferdsel i vinterfjellet.

 

Han er godkjend Tindevegleder, UIAGM/IVBV/IFMGA mountain guide.

Han har brei erfaring frå organisert redning gjennom Norges

Røde Kors Hjelpekorps og har hatt godkjend lavinehund i

Norske redningshunder. Nes har mange års erfaring som

fjellførar i firmaet ”SunAlp mountain guides”.

 

I 2013 fikk han Fjellskikkprisen med Norges Røde Kors Hjelpekorps.

 

Christer fekk Røde Kors’ Fjellskikkpris 2013 av president i Norges Røde Kors, Sven Mollekleiv og leiar i Landsrådet til Røde Kors Hjelpekorps, Ole Gladsø (til venstre). Foto: Thomas Andre Syvertsen.

Copyright © All Rights Reserved.