Skikompis
«Å ferdes på ski handler om å gjøre gode vurderinger, og ta riktige valg. Ved å lese Skikompis kan du dra nytte av Christers erfaringer og kunnskap fra et langt liv i fjellet. Hans tilnærming er ikke oppfunnet på et kontor, men har rot i virkeligheten, utviklet av en som har stor glede av å ferdes på ski i vakker natur, og dele denne gleden med andre.»
Markus Landrø, Varsom.no
Boka Skikompis formidlar livsviktig kunnskap om snøskred og trygg ferdsel til alle som er på ski i vinterfjellet, går toppturar eller driv frikøyring. Denne unike boka kom ut første gong i 2013, og forfattar Christer Lundberg Nes fekk Fjellskikkprisen av Norges Røde Kors Hjelpekorps for arbeidet.
Dette er tredje utgåve av boka, som er nytta som pensum mellom anna i skredkursstigen til Norsk Fjellsportforum og på ulike friluftsutdanningar på høgskule/universitet.
Skikompis er bygd opp kring ferdselsmønster etter kor krevjande terreng du går eller køyrer i. Boka skildrar korleis terrenget i vinterfjellet kan delast inn etter systemet kjend som KAST – klassifisering av skredterreng. Gjennom fire ulike ferdselsmønster som svarer til dei ulike terrengklassane i KAST, får du ei lettfatteleg pedagogisk reise gjennom snøskredfaget.
Boka har mange gode illustrasjonar som saman med bilde gir deg svært mykje informasjon om vêr, snø, skredproblem, ferdselsråd og redning. Boka viser samanhengane mellom praktiske kjapptestar og observasjonar i terrenget med skredproblem frå skredvarselet på varsom.no.
Skikompis kjem no ut i tredje utgåve. Den nye utgåva har fleire nye illustrasjonar og ei rad endringar og oppdateringar, mellom anna i kapitla om snøskredvarselet, redningsutstyr og metodar for kameratredning.
Kjøp boka i FriFlyt sin nettbutikk, eller hjå din lokale bokhandel.
Copyright © All Rights Reserved.